Vi er stolte av å kunne opne dørene til Stranda Inkludering & Aktivitetssenter!
Ideen til Stranda Inkludering & Aktivitetssenter (SIA) kom gjennom eit ynskje om å gi ungdom i Stranda kommune ein stad å vere på fritida. Ungdommen ville gjerne ha ein stad der dei berre kunne henge. Der det ikkje blir stilt krav og forventningar til kva dei skal prestere.
Sjølv om mange ungdommar deltek på organiserte fritidsaktivitetar er det nokre som ikkje heilt finn sin plass blant tilboda som fins. SIA vil ha eit spesielt fokus på desse ungdommane, for å sikre at dei også kan finne sin plass gjennom å delta, bidra og kjenne på mestringsfølelse gjennom aktivitet.
“Sosial berekraft i fokus – Vi vil skape aktivitet for ungdom, samt jobbe for å forebygge utanforskap og få fleire ut i arbeid i Stranda kommune”
Hovudmålgruppa til Stranda Inkludering & Aktivitetssenter er ungdom i alderen 12–20 år. Dette er den alderen vi tenkjer det er viktig å sikre at ungdommen har eit tilbod, blir fanga opp og får høve til å finne sin plass og kjenne tilhøyrsle.
Sjølv om styret i SIA har ein tanke om kva aktivitetar og tilbod senteret skal ha, ynskjer vi å involvere ungdommane aktivt i planlegginga av fleire aktivitetar og tilbod framover. Dette vil sikre at eigarskap og ansvar for staden også ligg hjå ungdommane.
SIA er ein ideell frivillig organisasjon med eige styre og blir driven på frivillig basis. For at vi skal kunne utvide og behalde tilbodet til ungdommane, treng vi både økonomisk støtte og frivillige hjelparar. For å kunne halde ope fleire kveldar i månaden treng vi frivillige vaksne som kan vere til stades saman med ungdommen.
Ynskjer du å bidra? Ta gjerne kontakt med oss. Vi sett opp vakter som passer for den enkelte.
Om du vil bidra med ei gåve til SIA, kan du vippse valfritt beløp til vippsnummer 950874.
Senteret kan også leigast av andre til møter, bursdagsfeiringar og andre arrangement.
Les gjerne meir om tilbodet og planar ved å klikke her, eller kontakt oss om det er noko du har på hjartet.
Pr. 19.12.24 kan vi tilby
- Sublimering (egne trykk på kle og andre effektar)
- Biljardbord
- Fotballspel
- Brettspel
- Nintendo Switch på storskjerm
- Teikne- og malesaker
- Prosjektor og lerret
- Strikkeaktivitetar
På sikt vil vi forhåpentlegvis tilby
- Chromecast eller Apple TV for filmkveldar
- Gaming PCar
- Utstyr til fisketurar og skiturar
- Utstyr til mekking og trearbeid
- Dartskive
- Andre aktivitetar som ungdommen ynskjer å halde på med
Kiosk opnar snart
- Pizza
- Pølser i brød
- Brus og saft
- Potetgull
Forslag til aktivitetskveldar
- Kurs i personleg økonomi
- Strikkekurs
- Malekurs
- Kodekurs
- Filmkveld
- Andre aktivitetar som ungdommen ynskjer å halde på med