I ein av dei eldste bygningane midt i Stranda sentrum vert det no lagt til rette for aktivitet, samhald og tilhørigheit.

Ein stad ein kan kjenne meistring, lære noko nytt, vere saman med andre – slappe av, eller vere i aktivitet. Her skal ein ikkje kjenne på einsemd. Alle skal vere i sentrum.

Her sett vi ingen krav til aktivitet – om ein berre vil vere her for å scrolle igjennom TikTok, eller om ein vil teikne, strikke, spele Nintendo Switch, spele biljard eller ete pizza så er alt heilt greitt. 

Vi har berre eitt krav på SIA, og det er at ein skal følgje husreglane. Du finn meir informasjon om desse reglane her.

Kom gjerne innom 💚

Ynskjer du å leige lokalet til bursdagsselskap, møter eller andre arrangement?
Kontakt oss for ein prat 📱