Husreglar for SIA pr. 15.12.2024

  • Vis respekt for kvarandre
    Alle skal føle seg trygge og velkomne. Vis høflegheit og respekt for dei andre som er på SIA.

  • Ingen mobbing eller utestenging
    SIA er ein inkluderande stad. Mobbing, utestenging, rasisme eller diskriminering er ikkje akseptabelt.

  • Hald orden og rydd opp etter deg
    Ta vare på møblar, utstyr og rom. Rydd opp etter deg sjølv når du er ferdig med å bruke noko.

  • Gi beskjed dersom du opplever noko som du ikkje synes er greit
    Dei vaksne har ansvar for å skape ein trygg atmosfære. Gi gjerne beskjed om det skulle vere noko.

  • Ha det kjekt – men pass på sikkerheita
    Ha det moro med aktivitetane, men unngå åtferd som kan vere skadeleg for deg sjølv eller andre. Spesielt ved bruk av sublimeringsmaskin. Sublimeringsmaskin skal aldri nyttast utan ein vaksen til stades.

  • Bruk mobiltelefonen med omtanke
    Bruk gjerne mobiltelefonen, men ikkje benytt den på ein måte som forstyrrar andre aktivitetar.

  • Betal for det du kjøper i kiosken
    All inntekt i kiosken blir nytta til å skape fleire og betre aktivitetstilbod.

  • Hald klubben fri for alkohol, rusmidlar og tobakk
    Desse er strengt forbode på klubbens område og under aktivitetar i regi av SIA.

  • Bli gjerne med og bidra!
    Alle har noko å bidra med. Bli gjerne med på aktivitetar og del gjerne idéar til vidare utvikling av SIA.